søndag 12. desember 2010
12. desember: tredje søndag i advent
I dag begynte dagen på ein relativt sløv måte. Storegut skulle på bandøving klokka 13, og før det subba eg stort sett rundt iført morgonkåpe. Dei to små var ute saman med naboungane, men eg var rett og slett giddalaus. Etter å ha kjørt den håpefulle til Straumshamn på øving, gjekk Minstemann og eg bort til naboen for å hente Veslejenta. Så laga eg søndagsmiddag til Barnefaren kom med dei to største. Vi vart altså fulltallige ved bordet, slik vi ofte er på søndagane. Det er ein fin tradisjon, og mykje meir inspirerande for den som kokar middag. Eg baud på kjøtkaker med kålstuing til, og det fall i smak, for å seie det slik.
Korpsdelen av familien skulle spele på konsert i Volda kyrkje, og dei tok med seg Eldstejenta attende til hybelen. Då Minstemann og eg vart aleine, fekk eg endeleg kopla inn turboen og fullført rettinga av to bunkar eg hadde begynt på. Det er travle tider for store og små, men i dag fekk i alle fall Minstemann ha ein roleg ettermiddag/kveld med uendeleg mykje TV. Det er visst vanleg blant lærarungar i desember...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar