lørdag 11. desember 2010
11. desember: juleverkstad i kyrkja og pynting av heimen
I bygda har vi ein spesielt god tradisjon når det gjeld advent: juleverkstad i kyrkja. Nokre av dei driftige damene handlar inn materiale og organiserer ulike "stasjonar" der ungane kan få lage ulike pynteting, gåver, julekort eller bake lussekattar. For dette betaler vi 50 kroner per deltakande unge og får store mengder med lussekattar og kaffi. Dei store ungane hjelper ofte dei små, og nokre foreldre hjelper til med saging, klipping og sying, mellom anna. Eg har stor sans for at ungane får gi vekk heimelaga gåver, og at vi som foreldre kan gi dei denne mulegheita utanfor heimen, der det sjeldan blir høve til å drive med så mange formingsaktivitetar.
Etter at vi kom heim, har vi hengt opp meir utelys og sett fram fleire nissar og blomar inne. No kosar vi oss med X-faktorfinale, trass i at favoritten Mo rauk ut førre veke. Pausane i programmet vert nytta til fysisk fostring...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Der er mange aktivitetar i den vesle bygda. Lettare å samle "alle" når det ikkje er så mange. All ære til dei som tek initiativ til aktivitetar for barn og vaksne.
SvarSlettJa, eg var ikkje blant dei driftige damene, men blant dei foreldra som åt lussekattar og prata med sambygdingar :)
SvarSlett