fredag 10. desember 2010

10. desember: løn som fortent?

Dagens store sjokkmelding kom i form av ein e-post frå lønningskontoret i Molde. Lønsslippane er vanlegvis umoglege å tyde, for dei inneheld mange linjer med løn og trekk alt etter korleis stillinga er delt opp, kor mange ekstraoppgåver ein har hatt og kor mykje som skal etterbetalast fordi noko var feil på førre lønsslipp. Vanlegvis les eg berre den siste linja, der det står "netto utbetalt". Sjokket var stort då denne summen var på minst 15000 kroner mindre enn forventa! Feilen blir retta opp på sikt, og eg skal vere nøgd dersom det berre er feil, og ikkje eit resultat av dei lokale forhandlingane, eller ei tilbaketrekking av løn som eg har fått for mykje av tidlegare i haust.

Shoppingrunden etter arbeidstid vart såleis noko avdempa i høve den opprinnelege planen.

Elles fekk eg inn ein ny bunke i dag, noko som har medført ein stor virketrang når det gjeld huslege syslar. Det vart plutseleg viktig og kjekt å rydde og vaske. Alt er som kjent relativt.

2 kommentarer:

  1. På sikt? Det kan bli dårleg med julegåver altså?
    ;-)
    Handlefriheit er viktig ...

    SvarSlett
  2. Det er vel berre å leite fram tomme dorullkjerner og satse på heimelaga gåver...

    SvarSlett