søndag 19. desember 2010

18. desember: første skitur i sesongen




Etter ein sløv morgon i heimen kom dei to yngste og eg oss til Volda og skisenteret Reset i 13-tida. Storegut hadde overnatta hos ein kompis, og Eldstejenta reiste til Moa på shopping, så familien var noko redusert. Barnefaren var vakt på skitrekket for første gong i sesongen, og Veslejenta fekk vere saman med han resten av opningstida. Ho er ei tøff lita dame som likar fart og spenning - i motsetnad til "Mamsen og Lillegutt", som gjekk turløypa nesten heilt rundt ein gong. Temperaturen låg på 4 - 6 minusgrader, og ein skulle ikkje stå lenge i ro eller ta av seg hanskane lenge før kulden beit. Det vart ein liten caféstans på Varmestova før Minstemann og eg handla, henta Storegut og for heim.

Då alle etter kvart var vel heime, gjekk vi bort til nabo T og fekk servert deilig pizza og sjokolade - begge delar heimelaga. Både ungane og damene kosa seg, og det vart nokså seint før vi kom oss heim. Ungane gjekk rett opp for å sjå film og sove, men sjølv har eg grovretta resten av ein stilbunke og laga dessert til i morgon (inspirert av Solveig). Det blir ski på dei to mellomste i morgon òg, men Minstemann og eg skal kose oss med heimearbeid og lage middag til dei hine kjem att.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar