onsdag 15. desember 2010

15. desember: pakke, pakke, pakke

I dag kom resten av desemberløna mi inn på konto, så då losna shoppingsperra så dei to små og eg kunne ta oss ein relativt effektiv handlerunde. Dei skulle kjøpe gåver til kjæledyr, kompisar og venninner, og eg fekk kjøpt nokre vaksengåver.

Vel heime laga vi enkel middag og satsar no på ein roleg kveld. I morgon er det julefest på skulen, så det må vere lov å late seg maksimalt i dag. Litt retting og ein liten tur ut er det maksimale av kva eg har tenkt å gjere av nyttige aktivitetar. Ungane kosar seg med lego, TV og andre stillferdige aktivitetar, og eg ser ingen grunn til å stresse dei opp. Ute regnar det, men inne har vi det varmt og koseleg med lys, julepynt og røykelse.

1 kommentar:

  1. Vi satsar på at vi greier å komme oss på festen i morgon. Det er, som du seier, viktig å vere med på ulike arrangement før jul, og vi treng eit lite puff for å kommme oss ut.Har tenkt oss til Volda for å handle i morgon f.ma

    SvarSlett