torsdag 2. desember 2010

Bok 61 2010: "Samson og Roberto 3: Pater Pietros hemmelighet" av Ingvar Ambjørnsen

Tredje bok i barnebokserien til Ambjørnsen var kanskje litt mindre underhaldande enn dei første. Problemet handlinga spinn rundt er leitinga etter ei gammal oppskrift på ei hyllebærsaft som gjer alle glade viss dei drikk av den. Igjen kan ein lure på om problematikken er meir vaksen enn nødvendig. Minstemann og eg har kosa oss med boka, mest fordi der er så artige figurar i boka. Det blir dermed lett å lage stemmer og dialektar som passar til personlegdomen deira.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar