torsdag 17. februar 2011

Bok 12 2011: "Midnattsbarn" av Salman Rushdie

Dette er ei svært spesiell bok som både omhandlar Indias nyare historie og ein eventyraktig "sjølvbiografi". Skrivestilen er òg spesiell, med sparsom bruk av teiknsetjing og noko som kan minne om "stream of consciousness". Nokre reknar boka som den beste boka til Rushdie, sjølv om den kom i 1981, lenge før den meir berømte "Sataniske vers". For meg vart dette noko uforståeleg og altfor tunglese. Det er ikkje dermed sagt at det er ei dårleg bok, men ein treng truleg meir kunnskap om India i perioden 1947 - 1981 for å få noko ut av det heile.

2 kommentarer:

  1. Det ser ut som om vi kapples, eg er også snart ferdig med nr.12.Apropos India, så er det ei eller fleire Indiabøker som blir anbefalt på God bok - dei er sikkert meir lettlesne.

    SvarSlett
  2. Ja, no har eg nettopp lese ferdig/sett Slumdog Millionaire saman med elevar, og det kan godt hende eg les fleire av same forfattar (Vikas Swarup). Han skal ha skrive ein god kriminalroman, mellom anna. Eg har ein bunke med bøker i serien "Verdensbiblioteket" - det har hopa seg opp ein del...

    SvarSlett