lørdag 12. februar 2011

Morsdagsfeiring og MGP







Av praktiske årsaker feira vi morsdag i Ørsta ein dag før den eigentlege morsdagen, som skal feirast i morgon. Systa hadde med sine to yngste, medan eg hadde med heile rabbegjengen min, og vi fekk servert nydeleg rømmegraut og mykje både attåt og etterpå.

Det var ein vakker dag med sol, snø og om lag 10 minusgrader, men det vart mest inneliv i dag, bortsett frå at Nevø 3 og Morfaren var ute og fiska, og ungdomane gjekk ut og tok bilete.

No i kveldinga kosar vi oss med norsk finale i MGP, der vi heiar på Stella.

2 kommentarer:

  1. Eg vil berre gjere merksom på at eg ikkje har kjøpt ei så kjip kake som den på bildet.Det var Nils som vann den. Den hadde vore meir høvelig for to.

    SvarSlett
  2. To? Ikkje viss den eine var Minstemann! Høveleg for ei heil slekt som har ete seg mette på rømmegraut...

    SvarSlett