onsdag 9. februar 2011

Stemningsskifte

Fri-onsdagen denne veka vart blant dei meir innhaldsrike. Det begynte roleg, med ein sein frokost, så gjorde vi unna litt skule- og husarbeid før vi stakk bort til Nabo T, som freista med sveler steikte på takke ute. Der var det liv og røre (i tillegg til svelerøre, så klart) med til saman sju born og fire mødrer.Vi kosa oss med nydelege sveler og god prat medan ungane herja og leika, og så var det på tide for meg å drage med dei to yngste til Ørsta, der Veslejenta skulle danse klassisk ballett. Minstemann og eg handla i mellomtida, og då Veslejenta var ferdig med timen sin, stakk vi innom Amfi og handla klede på sal. Ein tur på biblioteket vart det òg.

Attende på Folkestad skulle dei på fotballtrening. Då gjekk eg meg ein tur i mellomtida, og så stakk vi heim og laga oss middag. Så var det på tide for meg å hente Storegut, og vips var klokka 21.00.

Møkkamora frå måndag er erstatta av Taxi-Mamma, som er så usannsynleg grei å ha. Som lagar det ungane ønskjer seg til middag (pølser med brød), låner kjekke bøker på biblioteket og handlar klede - ja, til og med ein liten legofigur tok eg meg råd til i dag. Viss ungane vil, skal eg lese eit kapittel eller to til dei før dei somnar. Eg er ikkje så verst som mor når eg berre får kvilt meg litt...

3 kommentarer:

  1. Eg synest at både du og andre mødrer er flinkare enn min generasjon var. Flinkare enn vi var til å finne på kjekke ting i lag med ungane, og ikkje så opphengde i å vere prektige husmødrer. Vi var var den første generasjonen der alle var ute i arbeid, generasjonen før oss var stort sett heimearbeidande, så vi hadde dei som forbilde.

    SvarSlett
  2. Og DE er VÅRE førebilete! Det ligg vel til kvinnenaturen å sjå sine eigne feil, heller enn å sjå kva ein gjer rett. Læraryrket har noko av det same ved seg som morsrolla: det er alltid mogleg å gjere jobben betre, og ein får sjeldan ros for det ein gjer bra. Nokre av oss burde vere flinkare til å tenkje at det vi gjer er "godt nok", "skamlaust" eller "vårt beste". Kvinner har framleis noko å lære av menn.

    SvarSlett
  3. Vi hadde ein gong ein klok rektor som sa akkurat det "Det får vere godt nok" når vi(kvinnelige) lærarane sytte over at vi ikkje strakk til.
    At ein trur at ein kan gjere sitt BESTE kvar dag gjennom heile livet er heilt utopisk.

    SvarSlett