fredag 25. februar 2011

Vinterferie!

Kalenderen seier "vinterferie", men ute er det nesten hauststemning, med rundt ti plussgrader og vind. Etter å ha kome meg gjennom jobbdagen, vore på café, handla, henta ungar, laga middag, rydda og vaska klede, har eg no sett meg i godstolen med ei god bok og ein kopp kaffi. Det er berre dei to yngste som er heime, og dei leikar fint på rommet. Brødmaskina, vaskemaskina og oppvaskmaskina jobbar på spreng, og eg berre latar meg 100%. Det skal bli godt med ei friveke, sjølv om eg har ein gigantbunke å lese gjennom. For eit utprega B-menneske som meg er det nesten naturstridig å stå opp i 6-tida, så berre det å ligge i senga til eg vaknar utkvild er ein god tanke. Kanskje får eg gått litt på ski, eller i alle fall turar på beina, og kanskje kan eg sitje i solveggen med ei god bok. Det kan umogleg bli storm og regn HEILE veka, vel?

God ferie til alle andre i same situasjon!

1 kommentar:

  1. Veret følte eg på meg ville bli slik førre fredag ... For første gon er eg så heldig at eg skal reise vekk i ein kort ferie. Men det hadde vore kjekt med nokre dagar med fint ver først.

    SvarSlett