fredag 22. juli 2011

Bok 54 2011: "Bikubesong" av Frode Grytten

Denne boka har eg lese i papirutgåve før, men den var verkeleg verd å lytte til òg. Novellene er i lydbokutgåva lesne av ulike skodespelarar og andre dyktige opplesarar, og spesielt lesinga til Jon Eikemo gir tekstane ein ekstra dimensjon. Andre kjende namn blant opplesarane er Hildegun Riise, Lasse Lindtner og forfattaren sjølv. Handlinga i novellene er lagde til "murboligen" i Odda, og nokre av personane opptrer i fleire tekstar. Tematikken er varier, men ser ein boka under eitt, handlar det om kor vanskeleg livet kan vere å forhalde seg til i ulike livsfasar og situasjonar.

1 kommentar:

  1. Eg har lese lydbokutgåva, men det er såpass lenge sidan at eg har ikkje blogga boka. Grytten skriv godt, og alle opplesarane du nemner er dyktige.

    SvarSlett