søndag 24. juli 2011

Sorgtyngd søndag

Nyheitene står framleis i fokus. Nye fakta, meir usikkerheit, rykte som vert avkrefta - lista over oppdateringar er lang. Eit godt innslag i dag var minnegudstenesta i Oslo som vart send på TV. Både prestar og politikarar sa kloke ord - ja, er det noko ein har høyrt desse dagane, så er det gode og trøystande ord frå landets fremste.

I løpet av dagen letta skyene, så eg fekk kople av nokre timar utan nyheiter. Det gjorde godt. Ungane var opptekne med fotball, kunnskapsspel og gitarspel, og etter at eg var lei av å sole meg vart det tid til ein liten sykkeltur. Minstemann har enno ikkje lært seg å sykle, og no er målet å prøve litt kvar dag (same metode som eg gav opp i fjor). Sykkelen gjer guten til ein ekte hypokonder; han drog fram gamle blåkular og skrubbsår på leggane, og då det ikkje hjalp, klaga han over altfor hardt sete. Eg minner både han og lesarane om at han i løpet av ei helg i vinter lærte seg å ta skitrekket på Reset, så det er håp for sykkelkarrieren òg. Kanskje.

3 kommentarer:

  1. Dei fleste lærer seg å sykle;-)

    SvarSlett
  2. Dei fleste får lyst å lære å sykle...

    SvarSlett
  3. Trur at opp til fleire av familien lærte å sykle på ein liten sykkel i HAGEN på Hildegard.

    SvarSlett