tirsdag 26. juli 2011

Det er ingen hverdag mer

I dag hadde eg ein frisørtime og eit besøk på programmet. Hendingane i Oslo og på Utøya står i fokus same kvar ein er, og vel heime sette eg raskt på TV-en for å bli oppdatert. Tv-kanalane legg gradvis inn nokre andre program, radioen spelar stort sett passande musikk og facebookstatusane handlar om litt anna enn sympatierklæringar. Eg føler meg framleis noko handlingslamma, og eg tenner framleis eit lys til minne. Denne nasjonale sorgprosessen kjem til å ta tid.

Mange av landets leiande menn og kvinner seier kloke ord i desse vanskelege tidene, og internasjonalt vert Noreg sett på som eit unikt land der folket går i tog med blomar og vakre ord om kjærleik, i staden for å rope etter hemn. I bloggande stund omtalar reportarane på TV2 korleis politikarar, kongefamilien og prestane har takla situasjonen. Folk i gata har stor tillit til Stoltenberg, uansett kva politisk ståstad dei har, og ein mann kommenterer at kongen hadde ekte sorg i tårene sine.

Slagorda og sitata haglar, i likskap med dikt og songar. Eitt av sitata som vil stå att etter at landesorga har gitt seg noko, er dette:

“If one man can show so much hate, think about how much love we can show together”

1 kommentar:

  1. Litt etter kvart kjem livet til å bli normalt igjen, men eg håper at noko av det vi opplever i desse tider vil vare ved. Då meiner er omsorga for kvarandre, og kjærleiken til medmenneske, uansett tru, etnisitet og hudfarge. Lat oss håpe at dette var "slaget" som samla Norge til eitt rike.

    SvarSlett