fredag 15. juli 2011

Bok 52 2011: "Den sjette klagesang" av William Brodrick

Eg vart overraska då eg i ettertid las at romanen er ein debutroman, for det ber den ikkje preg av på nokon måte. Dette er ikkje akkurat ei kriminalgåte, men det er likevel mange uløyste mysterium som får si oppklaring på ein elegant og spennande måte utan å vere altfor føreseieleg. Utgangspunktet for handlinga er at ein gammal nazist ber om kyrkjeasyl, og at ei kvinne får ein dødeleg diagnose. Forhistoria til desse og mange andre vert gradvis rulla opp gjennom samtalar og notatar, og trass i det store persongalleriet er det relativt lett å halde personane frå kvarandre. Eg er svært interessert i jødeutrydding og all problematikk som har med det å gjere, så også tematisk traff denne boka meg. Det seiest at romanen delvis byggjer på forfattarens eiga familiehistorie, og det overraskar ikkje. Røyndomen overgår oftast fantasien.

2 kommentarer:

  1. No når eg har blitt så aktiv i byggebransjen og veret er fint, bli det lite lese her i huset, så eg må visst gi opp og nå deg att. Eg er såpass sleip at eg har lånt to høyrespel som er på ei plate kvar, men det moner vel ikkje? Dårlig utval i lydbøker for tida er det også.Så då kan det vere greit å lese på papir. Kjekt at du finn noko som interesserer.

    SvarSlett
  2. Eg visste ikkje at vi hadde konkurranse :) Målet mitt har vore minimum 52, altså ei bok i veka, og det har eg no passert. 15. juli...

    SvarSlett