fredag 8. juli 2011

Bok 49 2011: "Drømmen" av Harry Bernstein

Tittelen på boka refererer til "the American Dream", her personleggjort gjennom ei relativt glorifisert mor. På mange måtar er den sjølvbiografiske forteljinga ein bleik kopi av bøkene til Frank McCourt, for dette er ikkje så velskrive og manglar totalt humoren. Forfattaren er ein jødisk gut som utvandra til USA, og handlinga dreiar seg om livet til dei ulike familiemedlemmene. Som hos Frank McCourt møter vi ein håplaus far og ei tapper mor, men i denne boka vert det nesten karikert. Forfattaren gjentek seg sjølv ein del, noko som irriterer meg, men han tek seg noko inn att på refleksjonen i epilogen.

Eg har alltid vore interessert i innvandringa til USA som tema, derfor er ikkje historia i boka uinteressant. Dei litterære kvalitetane var så som så.

1 kommentar:

  1. Her går det unna, forstår eg, og eg kan berre gløyme å "nå deg igjen" Det går sikkert kvikkare å lese på papir, for eg spolar veldig ofte tilbake fordi eg dett ut.Lite nytt på lydbokfronten for tida, men den eg les no er ikkje så verst.No kjem eg meg ikkje på biblio igjen før etter helga.

    SvarSlett