søndag 24. juli 2011

Bok 55 2011: "Frukthagen" av Sa'di

I desse tider, då islam vert mykje omtala, har eg lese ei persisk bok frå 1200-talet som omhandlar verdlege og religiøse levereglar og visdomsord. Mykje av det forfattaren skriv er allment, som at ein skal vere audmjuk, gavmild og vennleg. Metaforane er lette å forstå, både i prosaforteljingane og dei lyriske innslaga. Berre kvinnesynet er temmeleg antikvert, der menn som ikkje er modige, gavmilde og kloke vert samanlikna med kvinner. Kvinnene skal strebe etter å vere lojale og vennlege mot ektemannen, og kan då vere til glede og nytte. Det er underforstått at kvinner slit med å fylle denne rolla. Bortsett frå dette, kan vi alle ta til oss det meste av det forfattaren skriv.

"Har ikke hjertet nådd ønsket sitt, så fortvil ikke.
Natten er svanger med dagen, å venn"

2 kommentarer:

  1. Har gitt opp å nå deg att med bok-lesing. Strevar litt med "Den sjette klagesang",greier ikkje å konsentrere meg og misser tråden heile tida. Dessutan er det mange namn å halde orden på. Skulle nok heller ha lese papirbøker. Synest det er tøft at du les så mange spesielle bøker. Då får sikkert ein vid horisont.

    SvarSlett
  2. Horisonten min kan neppe kallast vid, men eg prøver å ha eit ope sinn. I alle fall når eg les :)

    SvarSlett