tirsdag 5. juli 2011

Bok 48 2011: "Skumringstimen" av Johan Theorin

Etter ei viss forvirring på grunn av ombytting av CD 6 og 9, kan eg no seie at dette er ein velkomponert kriminalroman. Eg lurte nemleg fælt ei stund, og då DET mysteriet var oppklara, måtte eg høyre om att tre CD-ar. Det er bra ein har ferie!

Boka går føre seg på Öland. Ein pensjonert politimann får ein sandal i posten, og den viser seg å ha tilhøyrt mannens barnebarn, som forsvann for tjue år sidan. I romanen vekslar ein mellom denne forteljinga i notid og ei gradvis opprulling av fortidas hendingar gjennom korte tilbakeblikk. Ikkje nokon revolusjonerande ny idé i ein kriminalroman, men spenningsskapande. Eg vil ikkje seie meir om handlinga, anna enn at det alt i alt er ein god, tradisjonell kriminalroman av god kvalitet.

1 kommentar:

  1. Eg er ikkje så veldig begeistra for denne fofattaren, men les bøkene hans fordi eg har vore på Øland og ser landskapet for meg. Synest bøkene hans er litt for mykje spøkelseshistorie-særlig ei av dei, men eg hugsar ikkje kva for ei.Han er imidlertid flink til å skape stemningar.

    SvarSlett