tirsdag 5. juli 2011

Så kom sola

I og med at eg mistenkte skodda for å ville lette i løpet av dagen, skunda eg meg å vaske hus og gå tur relativt tidleg. Ein kaffikopp hos naboen vart det òg tid til, før eg fann fram bikinien og la meg ut på solsenga. Oppskrifta er å sole seg på ryggen først, medan ein les i papirbok, og deretter flytte seg til den andre sida av huset og sole seg framme. Om ettermiddagane er det nemleg mest sol og minst vind på tunet. Dersom nokon reagerer på at eg les mykje for tida, kan eg røpe at eg går med rompetaske med Discman i både når eg vaskar hus og går tur, og sjølvsagt når eg solar fronten. I følgje yr.no skal det vere sol i morgon òg, og eg har ingen andre planar enn å sole meg og gå tur då heller. Dette er ferie!

2 kommentarer:

  1. Flott at du nyttar soldagane på ein fornuftig måte- det er ikkje så mange av dei.Eg er litt sur for at eg må på møte i morgon halv 2 !

    SvarSlett