fredag 22. juli 2011

22. juli 2011 - ein dag vi seint vil gløyme

Dagen begynte med irritasjon over skodde og kulde, ei tannfylling som hadde falle ut, bekymringar og planar. Brått vart heile landet endra; ei bombe vart sprengd i Oslo sentrum, og nokon skaut ungdomar på Utøya.

Facebook vart raskt fylt opp av usaklege og usmaklege kommentarar, men òg av medkjensle og oppmoding om samhald. Mistanken fall straks på muslimske fundamentalistar, men i bloggande stund er ein etnisk norsk nordmann pågripen.

Livet blir aldri det same igjen - området der bomba vart sprengd ligg like ved der vi låg på hotell for ein månad sidan, og tanken på bomber var svært fjern då. Eldstejenta hadde tenkt seg på Utøya - eg kunne ha vore blant dei engstelege pårørande som ringde dottera mi utan å få svar. Nokre har mist livet, fleire er skadde, mange har fått ein skrekk i livet. Alle er påverka av dette.

5 kommentarer:

  1. Norge har fått sin9-11, heretter er 7-22 ein merkedag i Norge.I tillegg til dei tankane du har, tenkjer eg mykje på dei landa der slike hendingar skjer relativt ofte. Vi har sett det på TV-men det vert så annleis når det er her. Orda til Øverland kjem for meg :" Du skal ikke tåle....."Og tanken på norske bombefly som har skapt redsel og gru i andre land,gjer at eg på ein måte føler meg skuldig. Som nordmann/kvinne-ikkje som privarperson.

    SvarSlett
  2. privatperson-irriterande når ein ser feila for seint.

    SvarSlett
  3. Takk for klem. Eg trur denne hat-handlinga kan få fram mykje hat blant folk, men òg mange gode kjensler av samhald og solidaritet.

    SvarSlett
  4. this contact formimportant source this pagepop over to this site this websitesee here now

    SvarSlett