fredag 11. mai 2012

Tur på torsdag



Etter jobb torsdag sat eg inne hos frisøren og såg på solskinet ute. Utferdstrongen var stor, derfor var eg berre heimom og åt og skifta til turklede før ferda gjekk vidare til Lote ferjekai, der bilen vart parkert utanom køen. Frå kaia går ein smal veg innover i retning Stryn/Blakset, og der var det nydeleg kveldssol og nokolunde flat veg.

6 kommentarer:

  1. Hadde vore kos med besøk då!

    SvarSlett
  2. Ein annan gong kan eg ta ferja over :)

    SvarSlett
  3. Køyrde du heile vegen til Stryn(Markane)?-vi reiste der pinsa for to år sidan (eller er det tre?).

    SvarSlett
  4. Nei, bilen stod att på kaia medan eg gjekk innover. Hadde så lyst å gå ved sjøen i kveldssol, og det fekk eg :)

    SvarSlett
  5. Det er fint innover der, men når ein kjem til Hopland er det veldig bratt. Første staden ein kjem til frå Lote er Hennebygda, men så langt gjekk du vel ikkje?.

    SvarSlett
  6. Eg kom ikkje til noka bygd, berre einskilde gardar og hytter innover. Gjekk til det vart skugge, ein times tid, og så snudde eg.

    SvarSlett