søndag 7. oktober 2012

Bok 66 2012: "Sommerhus med badebasseng" av Herman Koch

Som i "Middagen" begynner boka som ei heilt vanleg historie om ein familie som vitjar ein annan familie i sommarhuset dei har leigd. Eg-personen er lege, og han vert tiltrekt av kona i familien dei vitjar. Handlinga tek ei vending når den eine dottera til eg-personen vert utsett for valdtekt og ikkje hugsar sjølv kva som har hendt. Eg-personen får mistanke til ein mann, og bestemmer seg for å gripe sjansen til å ta hemn.

Romanen er spennande og underhaldande, men eg vert noko overraska over at den har vekt samfunnsdebatt om kor vidt legen gjer noko rett eller gale. For meg er ikkje det eit aktuelt spørsmål i det heile, men boka er god. Opplesaren er Anders Ribu, som gjer ein glimrande jobb.

1 kommentar:

  1. Som du veit har eg lese og likt denne boka. Men detaljane er borte. Hjerne mi er ikkje stor nok til å lagre alt eg les. Skulle sett inn nokre nye RAM -brikker!

    SvarSlett