lørdag 20. oktober 2012

Gravplassen på Eid

Sidan eg var så trøytt etter veka at eg ikkje orka å handle fredag ettermiddag, vart det tvingande nødvendig å bunkre litt i dag. Det var dessutan eit par born som mangla vinterjakker, så eg kunne like godt drage med meg heile gjengen (minus musikanten, som er oppteken på anna hald).







På heimveg stakk vi innom gravplassen på Nordjordeid, der ungane kan besøke gravene til tippoldeforeldre, to sett oldeforeldre og ein kjær grandonkel. Dei to yngste og eg var innom gravplassen i sommar, men det er ei eiga stemning ved å gå på ein gravplass om hausten.

4 kommentarer:

  1. Kjekt at de tek dokke tid til å gå på gravplassen. Eg er der ikkje så ofte, for når vi er på heimveg er det ofte mørkt.

    SvarSlett
  2. Det høyrest litt morbid ut å seie at ein likar å gå på gravplassar, men eg synest det gir ei spesiell stemning til å filosofere over livet, samtidig som ein minnest dei døde.

    SvarSlett