tirsdag 30. oktober 2012

Bok 73 2012: "Extremely Loud & Incredibly Close" av Jonathan Safran Foer

Berre for å ha sagt det med ein gong: dette er den beste boka eg har lese på lange tider. Eg fekk høyre om den på det engelskkurset eg var på, der Ulla Rahbek mellom anna snakka om amerikansk litteratur etter 9/11.

Oskar er ein ung og svært spesiell gut som har mist faren sin i 9/11-åtaket i New York. Ein dag finn han ein nøkkel blant tinga til faren, og han begynner å leite rundt i byen etter låsen der nøkkelen skal passe.

Romanen presenterer mange lagnader og historier, og heile verket er så lite føreseieleg og spennande at det nesten har vore uråd å legge frå seg boka. Boka er gripande utan å verte sentimental, Oskar er ein av dei beste litterære personane eg har lese om på lenge og heile verket er ei fantastisk reise frå den djupaste sorg til noko som kan minne om eit ordinært liv. Oskars historie blir såleis eit bilete på New York, og kanskje på heile USA.

Eg har lese boka på engelsk, og språket er ikkje så innfløkt. Boka er omsett til norsk under tittelen "Ekstremt høyt og utrolig nært", og den er blitt filmatisert. Filmen står sjølvsagt allereie i hylla mi.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar