torsdag 18. oktober 2012

Bok 69 2012: "De krenkede" av Åsne Seierstad

Dokumentarbøker er ein fin måte å lære på, og i denne boka av Åsne Seierstad får vi eit godt innblikk i konfliktane i Tsjetsjenia frå forfattaren kjem dit som nyutdanna journalist 23 år gammal i 1995, til ho kjem attende ti år seinare og opplever landet øydelagt av krig. Ho blir kjend med mange interessante menneske undervegs, og det er verkeleg gripande lagnader ho fortel om.

Det er forfattaren sjølv som les, og det fungerer veldig godt. Ho inkluderer ein del russiske frasar i boka, og det gir eit autentisk preg på stoffet når ho les dei med flytande uttale og forklarer kva dei tyder. Dette var ei god bok som eg godt kunne ha lese fleire gonger.

3 kommentarer:

  1. Denne boka har eg også lese, men det er såpass lenge sidan at det meste eg gløymt. Kanskje burde eg lese den om att. ÅS skriv og les godt.

    SvarSlett
  2. Eg og likte godt denne dokumentarromanen. Ho er flink å få folk til å opne seg slik at det vert interessant!

    SvarSlett
  3. Denne boka gjorde sterkt inntrykk på meg da jeg leste den. Husker hvor fæl jeg syns den var - enda det er flere år siden jeg leste den....

    June

    SvarSlett