søndag 14. oktober 2012

Saman på søndag

Føremiddagen i dag gjekk med til rydding, husvask og skulearbeid, slik det ofte blir siste feriedagen. Då eg hadde fått unna alt eg skulle gjere, gjekk eg meg ein lang tur etter vegane. Det var overskya i dag, så eg gadd ikkje gå ut i naturen for å fotografere.

Vel heime sette eg meg til med ei bok og skulle slappe av ein times tid til ungane kom, men så kom dei ein time for tidleg fordi faren hadde eit presserande ærend. Det var sjølvsagt berre kjekt, for det har vore litt rart å ha ei heil veke fri utan dei.

No har vi sett til livs ein stor porsjon steikte eple og is til kveldsmat, og ungane styrer med forskjellige aktivitetar i heimen.

Storegut kontakta meg her ein dag og sa han ønska seg ei bok, og då var eg lett å be. Boka kom i posten fredag, og no sit guten i godstolen med nasen ned i "Jeg er Zlatan". Slikt varmar eit morshjarte, i alle fall når mora er lesehest, norsklærar og ivrig oppteken av leselyst.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar