lørdag 13. oktober 2012

Langtur på laurdag
















I dag gjekk turen til Hellesylt, deretter over Norangsdalen til Union hotell på Øye, der eg var første (og til i dag einaste) gong på konfirmasjonsleir i 1982. På turen fekk eg sjå fleire vakre setrar, spektakulære fjell og den kjende setra som ligg under vatn i Lygnstøylvatnet. Hotellet var flott restaurert sidan 1982, og dei serverte eplekake i stemningsfulle omgjevnader. Attende tok vi ferja over Hjørundfjorden til Sæbø. Ein utruleg innhaldsrik og spennande tur i ein landsdel som har synt seg frå si mest optimale side denne haustferien.

6 kommentarer:

  1. Nydelege bilde. Det er lenge sidan eg har vore på dei kantar!

    SvarSlett
  2. Ja, eg var på Øye i 1982, som nemnt. Det har vore nokre fantastiske haustdagar i det siste, og eg har vore heldig som har hatt høve til å feriere skikkeleg.

    SvarSlett
  3. Kvivsvegen eller Stigedalen før Norangsdalen?

    SvarSlett
  4. Så du la merke til at eg ikkje nemnde det? Det vart Kvivsvegen, noko motvilleg frå mi side :)

    SvarSlett