tirsdag 18. februar 2014

Tysdag: feriens første bunke

Tysdag var eg igjen den første som vakna, og eg sette meg då til med ein prøvebunke. Eg har to, og eg trur dette er den mest tidkrevjande. Elevane har svara på spørsmål om "Slumdog Millionaire", og dei skriv i snitt 4 sider kvar. Når eg då legg til at dei er nesten 30 stk i klassen, kan de tenkje dykk sjølve.

Då ungane stod opp, hadde eg stort behov for ein luftetur. Minstemann erklærte seg sjølv frisk frå forkjølinga, og både han og Veslejenta vart med på rusletur inn til badestranda i Botnen.

Vel heime sette eg meg føre med rettingsarbeid att, medan ungane spelte brettspel. Dei er så store og kjekke no at det er mogleg å gjere unna noko lettare skulearbeid medan dei er i heimen, noko som var umogleg berre for få år sidan. Eg har som mål å bli ferdig med bunken i løpet av kvelden, og aller helst ha ei stund med filmkos, slik vi plar ha kveldane. Om ikkje mora har den store feriekjensla, skal i alle fall ungane få det!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar