onsdag 19. februar 2014

Onsdag: museum, shopping og familiebesøk

I dag stod vi relativt tidleg opp og køyrde til Ålesund. Føremålet med turen var å gå på båtmuseet på Borgundgavlen, der det i høve vinterferien var "familiedag". Arrangementa passa truleg best for små born, men vi kosa oss i finevëret, ikkje minst med å fotografere svaner.

Etter museumsturen var vi innom kjøpesenteret på Moa, og deretter tok vi turen vidare til Hareid for å besøke slekta der. Tanta gav Storegut ein nydeleg strikkagenser som passa perfekt. Eg trur den er bak-fram på biletet, men det får våge seg.

Vi har hatt ein strålande dag på alle vis, og utferdstrangen har mellombels gått over








"Klegg" vart mellom anna brukt til å frakte folk over Nordsjøen under andre verdskrig

Storegut i Farmengenser
er.

2 kommentarer:

  1. Eg såg at genseren var bak/fram på grunn av skøyten. Men fin var den! Elles var det mange fine bilde å sjå.

    SvarSlett
  2. Nydelege bilde! Ein vert berre litt årstidsforvirra. Noko merkeleg med fargane ...

    SvarSlett