søndag 23. februar 2014

Søndag: pøsregn og sykje

Ingenting spennande å melde herifrå i dag. Veslejenta har hosta seg gjennom heile natta, det har høljeregna heile dagen og vi har stort sett mora oss med rydding, lesing og skulearbeid. I morgon er det kvardag att, etter ein herleg avslappande vinterferie. Gamla har arbeidd om lag 20 timar i avspaseringsveka si, men det har vore godt å ligge lenge om morgonane og vere heime med halvsjuke ungar. Ikkje minst har det vore godt å ha Storegut heime - det blir lite vi ser av han i kvardagen. Forhåpentlegvis er batteria våre ladde såpass vi held det gåande dei sju vekene fram til neste ferie...

1 kommentar:

  1. SJU veker, det er jammen lenge-i forkant. Håper at alle snart er friske og på beina att.

    SvarSlett