lørdag 22. februar 2014

Laurdag: hol og høljeregn

I dag låg Veslejenta strak ut med sykje, så gutta og Gamla for ein snartur til Eid for å handle. I tillegg fekk gutane ta hol i øyrene: eitt i kvart øyre på begge to, så Minstemann har no til saman tre hol.

Etter at vi kom heim for Storegut til Volda for å trene, og Gamla gjekk seg ein lang tur i høljeregnet. Minstemann morar seg med data og PS - han har vore noko redusert heile veka, så eg tvingar han ikkje ut.

3 kommentarer:

  1. Stilige karar!
    God betring til henne som ligg!

    SvarSlett
  2. Håper Amanda kjem seg fort til att. Ikkje kjekt å vere sjuk

    SvarSlett
  3. Amanda kom heim frå Volda med sår hals i går ettermiddag, og ho hostar ganske mykje no i dag. Ho har fått i seg mat, så då reknar eg med ho kjem seg til att. Det går mange rare sykjer, truleg på grunn av den milde vinteren.

    SvarSlett