torsdag 20. februar 2014

Bok 16 2014: "Og solen går sin gang" av Ernest Hemingway

Gjennombrotsromanen til Hemingway handlar om generasjonen som "miste" ungdomen sin under første verdskrig, og som levde i ein slags alkoholisert dekadanse på 1920-talet. Vi møter ein flokk menneske som drikk og lever relativt sorglaust, og scenen er Frankrike og Spania. Det heile endar opp med tyrefekting og fiesta i Pamplona.

Eg synest ikkje boka er underhaldande eller engasjerande, men den er ein klassikar og innleier den kjende Hemingway-stilen. Eg har sett fleire bøker av han på lydbok no, og eg trur krigsbøkene hans vil fenge meg meir enn denne litt dystre boka om "the lost generation".

3 kommentarer:

  1. Då var det kanskje ein grunn til at eg aldri kom gjennom den boka? "Klokkene ringer for deg" er mykje meir engasjerande. Eg las ein del Hemingway i unge år. Det er ei stund sidan.

    SvarSlett
  2. Eg har ikkje lese mykje av han tidlegare, men vi la opp "The Old Man and the Sea" på engelsk grunnfag. Eg har dessutan lese nokre av novellene hans i engelskundervisninga.

    SvarSlett
  3. Eg meineer eg har Klokkene, så dei skal du få.

    SvarSlett