onsdag 12. februar 2014

Tur på Bjørkedalen

Det er mild og nedbørsfri vinter, og dermed er det mogleg å gå på stader som vanlegvis ikkje er tilgjengelege anna enn for skigåarar. Den gamle postvegen over frå Bjørkedalen til Harpefossen er blant favorittstadane mine. Vegen er stengd for biltrafikk no, og dermed var det mogleg å la hunden springe fritt utan å måtte kalle henne inn når det kjem folk og bilar. Det sette både hunden og folka pris på.


1 kommentar:

  1. Eg må hugse at vi skal ta den vegen til sommaren, det er lenge sidan vi køyrde over der. Trur vi hadde Nadja med oss.

    SvarSlett