mandag 28. mars 2016

Mamma 76

Familien feira "Besta" på laurdag, så i dag har ho feira saman med pappa. På laurdag tok eg ingen bilete, for ein gongs skuld, så eg har ingen ferske bilete av jubilanten. Det blir derfor heller til at eg legg ut tre familiebilete. Ein kan vel seie om oss at vi er familiefolk, i den tydinga at familien alltid har vore tett knytt saman. Mykje av æra for dette skal "Besta" og mannen ha, for dei har alltid opna heimen og dekt bordet for resten av familien. I barndomen kan eg hugse mange livlige samtalar rundt matbordet, og vi har i det heile diskutert mykje. Sjølv om oppgåvene til foreldra mine var noko tradisjonelt delt etter kjønn, har eg aldri hatt kjensla av at den eine var viktigare enn den andre.

Eldstejenta plar seie at ho er glad for at det er så mange sterke kvinner i slekta mi, og det er sant at det er - og har vore. Vi har hatt meiningar og meiningars mot i fleire generasjonar, sjøl om vi ikkje alle har vore like utovervende med desse meiningane. Det har òg vore hardt arbeidande kvinner, kvar på sin måte.

Jubilanten tok gymnasutdanning på to-årig gymnas, og deretter reiste ho til Sula/Solund i Ytre Sogn for å arbeide som lærar, 18 år gamal. For dei som ikkje kjenner til Solund, kan eg seie at det i utgangspunktet er ein noko aude stad. I den tida var det ikkje veg til Trovågen, der ho skulle bu og arbeide. Men der var ein ung mann i nabohuset...

Etter to år som lærar tok mamma lærarskuleutdanning på to år, og etter det gifta ho seg. Nokre år seinare hamna dei i Ørsta, noko tilfeldig, og der har dei budd sidan.

Tre barn, 11 barnebarn og mange yrkesaktive år har det blitt, og no er mamma aktiv i pensjonistlaget. I tillegg bloggar ho og les lydbøker. Ho er høgst oppegåande og kunnskapsrik, har mykje humor og går sjeldan glipp av sjansen til å kaste seg inn i heftige diskusjonar - spesielt om språk.

Vi gratulerer altså "Besta" med dagen, og slengjer på tre familiebilete frå ulike samankomstar gjennom tidene.
Barnedåpen min, 14. juli 1968


I Trovågen, påska 1999
Feiring av Systa sin 50-årsdag, juli 2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar