fredag 18. mars 2016

Leseprosjektet 2016

Ved skulen der eg jobbar har vi dei siste åra hatt eit prosjekt som går ut på å lokke VG1-elevane til å lese romanar. Derfor tel dei kor mange sider dei les frå veka før haustferien til og med veka etter vinterferien.

I år las dei fem klassene over 154 000 sider til saman, noko som tilsvara 1240 sider per elev. mestlesande elev las over 13 000 sider!

mest populære bok var "Et helt halvt år" av Jojo Moyes, og dei mest populære forfattarane var J K Rowlings og John Green.

I dag var det premieutdeling med gåvekort i bokhandel for dei tre mestlesande elevane (alle tre jenter, og to av dei frå klassa "mi"), og 100 kroner per elev i den mestlesande klassa, som las over 43 000 sider ("mi" klasse var nummer to med om lag 40 000 sider).

2 kommentarer:

  1. Imponerande sidetal. Det heiter at ein får meir av det ein fokuserer på!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er håpet! I alle fall er det no vanleg at elevar har med romanar på skulen, og bruker ledige stunder til å lese.

      Slett