fredag 18. mars 2016

Bok 20 2016: "Himmelfall" av Kari Fredrikke Brænne

Denne mursteinen av ein roman er på over 700 sider, og eg har hatt den liggande lenge etter at eg begynte på den før jul. Eg er ikkje så glad i tjukke bøker, men likar best bøker som eg les ut på eit par dagar.

Handlinga i boka dreiar seg rundt ei gamal dame i Barcelona, som viser seg å vere ei av døtrene i Tsarfamilien som vart avretta under revolusjonen i Russland. Det er ei spennande bok, og sjølv om den er oppdikta, har den stor historisk interesse òg. Likevel tek eg meg i å lure på om det hadde vore betre å lese ein dokumentar om Tsarfamilien, for fakta har gjerne større verdi enn dikting når alt kjem til alt.

Kort oppsummert: spennande lesing om ein interessant historisk epoke, men likevel ei oppdikta historie om historiske fakta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar