onsdag 2. mars 2016

Motivert til å lese om motivasjon

I dag har eg hatt ein skikkeleg studiedag. Temaa eg har lese om har for det meste sirkla rundt det eg synest er det mest interessante i studiet: sjølvoppfatting, attribusjon og motivasjon. For lekfolk kan eg legge til at "attribusjon" er korleis ein forklarer at ein gjer det bra eller dårleg på ei prøve, til dømes.

Høgdepunkta i dagens lektyre:

  • Det er naturleg for eit menneske å ville unngå å framstå som uvitande. Frykt for å mislukkast med ei oppgåve kan derfor føre til manglande innsats eller manglande forsøk i det heile.
  • Det beste utgangspunktet for vidare læring er å sjå samanheng mellom innsats og resultat.
  • Ros kan fungere forsterkande på den indre motivasjonen berre viss den er informativ, ikkje viss den verkar kontrollerande (Døme: "Flott, du gjorde akkurat det du skulle").


No er dette gamalt nytt for røynde pedagogar, men det er spennande å lese teori om slikt ein "synsar" om i kvardagen. Kunsten blir å jobbe i retning mot å oppnå at elevane har tru på at dei kan klare oppgåvene ein set dei til å gjere, at ein testar dei på ein måte som syner at innsats nyttar og at ein rosar dei informativt. I botnen av det heile ligg at forholdet mellom læraren og elevane er godt, slik at læraren si vurdering har verdi. Det las eg om i førre veke.

Ei ekstra utfordring for ein lærar er at ein i tillegg til å vere pedagog også har som samfunnsoppdrag å setje ein talkarakter på eleven. Dette talet skal fortelje kva nivå eleven er på i høve ein nasjonal standard, ikkje om han har arbeidd hardt eller gjort enorme framsteg i høve til utgangspunktet. Dette er i strid med det meste av det eg les av teori, blant anna teori om vurdering for læring, som eg las om for tre veker sidan.

Det er lett å la tankane vandre medan ein les denne typen faglitteratur, og eg trur det er ein del av prosessen med å tileigne seg stoffet. Uansett er min indre motivasjon å lære noko og bli ein betre lærar, og det veg tyngre enn den ytre motivasjonen om å få eit godt eksamensresultat. Men for å unngå kjensla av nederlag, har eg allereie forklart meg sjølv at eg har så mykje å gjere at eg ikkje får høve til å studere så hardt at eit godt resultat er sannsynleg. Om ikkje anna, har eg lært å analysere meg sjølv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar