fredag 11. mars 2016

Fri-onsdag med tur og oppgåveskriving


Minstemann og eg har ein klar avtale om at vi skal gå tur på fri-onsdagar, og at han skal få bestemme turmål. Denne onsdagen ville han gå innover bygda og ut att over markane, slik at vi fekk ein runde. Måndag kveld hadde han valt ein noko lengre runde, noko vi ikkje har fotoprov på, så det vart den kortare runden onsdag.

Vel heime sette eg meg til med oppgåva som eg skal skrive, eller "arbeidskravet", som det heiter på stammespråket. Det er berre 1500 ord denne gongen, og evalueringa er godkjend/ikkje godkjend, men det gjer ikkje seg sjølv likevel. I løpet av dagen fekk eg knota ned 1464 ord, så med ein ørliten finpuss skal eg klare å få ferdig noko eg kan prøve å få godkjent, om ikkje anna. Eg har berre litt over tjue sider att før eg har lese heile pensum, så eg ligg godt an. Problemet er at eg har utvikla teflonhjerne med åra og treng å lese fleire gonger viss eg skal klare å hugse namn og framandord. Innhaldet i stoffet elles har eg nokolunde grep om.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar