søndag 20. mars 2016

Bok 21 2016: "Kunsten å høre hjerteslag" av Jan-Philipp Sendker

Denne internasjonale bestseljaren har handling frå Burma, og skal vere ei heilt spesiell kjærleikshistorie. Eg har ikkje hatt heilt sansen, må eg innrømme.

Ei dotter leitar etter informasjon om farens liv, då det dukkar opp brev som avslører at han har halde noko hemmeleg. Faren er ein suksessfull advokat i New York som forsvinn utan eit spor, og brevet er eit usendt kjærleiksbrev til ei kvinne i Burma. Funn av gamle brev er nesten ein klisjé i nyare litteratur, truleg fordi vi i dataalderen romantiserer brevbunkar. Det er liksom eit mystisk preg ved handskrivne tekstar no når vi skriv så mykje som forsvinn ut i atmosfæren.

Eg syntest boka var noko keisam til tider, og skjønar ikkje at så mange er begeistra.

1 kommentar:

  1. Det er ei god stund sidan eg las denne boka, men eg hugsar at eg var skuffa. Den er sikker å finne på bloggen min.

    SvarSlett