mandag 21. mars 2016

Påsketur til Oslo

To slike rom til fem personar...

Utsikt 
Søndag kveld sette vi oss på nattbussen i Volda, og måndag morgon vakna vi i Oslo. Ein fin måte å reise på, spør du meg. Litt utrangla er vi rett nok, men elles er forma på topp. Hotellromma var sjølvsagt ikkje klare då vi kom klokka 7, men vi fekk plassert bagasjen vår slik at vi kunne rusle rundt i byen utan å drage på sekkar og baggar. Frukosten tok vi på Burger King, og etter kvart gjekk vi opp på Grünerløkka og besøkte Eldstejenta. Ho vart med attende til hotellet, og no er eitt av romma klart. Begge romma er blitt oppgraderte til firemannsrom, så vi får rikeleg plass tilå boltre oss på.

Rom nummer 2

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar