lørdag 5. mars 2016

Bok 18 2016: "Slutten på verden slik vi kjenner den" av Erlend Loe

Erlend Loe er ein av mine absolutte favorittar i forfattarverda, og eg hugsar godt kor eg i si tid måtte gøyme meg i dyna og le høgt då eg las "Doppler" på senga. Den heilsprøe historia om ein mann som flykta frå A4-livet i byen for å leve i skogen saman med ein elg var fantastisk morosam, samtidig som den omhandla eit alvorleg, eksistensielt problem.

Den boka eg no har lese, er den tredje boka om Andreas Doppler. No har han levd lenge i diverse skogar nokre år, og han får lyst til å flytte attende til familien. Heimen hans har fått ny farge, og ein ny mann har flytta inn til kona og borna hans. Korleis skal Doppler takle dette? Er det i det heile mogleg for han å vende attende til A4-livet?

Dette er ei morosam bok i god, gamal Loe-stil. Handlinga er for det meste heilt absurd, og mot slutten tek det heilt av. Ispedd i handlinga ligg klare litterære referansar som er morosame for oss som ser dei. Bak all galskapen og humoren ligg ein skarp samfunnskritikk, men den er for det meste ganske harmlaus og politisk korrekt. Eg sette mest av alt pris på å finne ei Loe-bok som er attende i det sporet han var i tidlegare, for nokre av dei siste bøkene hans har eg ikkje vore heilt begeistra for.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar