lørdag 12. mars 2016

Mjeltvika til Kile

Turen frå Mjeltvika på stien ti Kile har blitt yndlingsturen til Minstemann, så han ville gå dit i dag òg. Det mest spennande partiet er skogen og raset, der det er tydelege spor etter uvêr og naturkrefter. Heldigvis kom vi trygt frå det i dag òg, og kunne innkassere 12 000 skritt. Veslejenta ville heller vere bak enn framfor kamera i dag, men ho var med.

Ut på ettermiddagen kom Storegut heim frå jobb, og han hadde vore i London sidan måndag, så det var ekstra kjekt å høyre han fortelje om det over tacoen. Det går i mat og musikk her heime, og eg har teke ein heil dag fri frå jobb og studium med relativt godt samvet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar