onsdag 16. mars 2016

Musikal på Folkestad

På Folkestad skule set tiandeklassingane kvart år opp ein musikal. I kveld var det Veslejenta og klassen hennar sin tur, den flotte gjengen eg var på tur saman med i haust. Temaet for musikalane er kvart år musikk frå femtitalet og til vår tid, og i år var handlinga at ein gut fann ei tidsmaskin som sette han tilbake i tid. Det var ei morosam framsyning, der det absolutte høgdepunktet var då det kom spøkelse på segway som køyrde rundt mellom stolane i salen medan andre sprang etter dei utkledde som "Ghost busters". Eg har ikkje ledd så godt på lenge!
Veslejenta og Venninna syng "Voulez vous" (ABBA)

"Ghost" på segway - utruleg kreativt og morosamt!

13 flinke, flotte og kreative tiandeklassingar!

Takk til tiandeklassa for ein artig musikal!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar