mandag 11. juli 2016

Familiebesøk i Ørsta

Broren min med familie er i Ørsta på besøk hos foreldra våre, og i dag tok eg med meg dei to yngste på besøk. Etter kvart dukka også dei to eldste opp, så det vart sju søskenbarn ved matbordet. Vi gjekk ein tur med Charlie bort i fonna for å lufte oss litt, og det gjekk etter kvart fint an å sitje ute i hagen. Det var ei stund sidan sist vi møttest, men isen vart broten rimeleg fort.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar