tirsdag 12. juli 2016

Bok 48 2016: "Beatrice og Benedikt" av Marina Fiorato

Denne romanen vert presentert som forhistoria til Shakespeare sin komedie "Much ado about nothing", og karakterisert som eit meisterverk. Eg er stor fan av Shakespeare, og eg har lese mange av skodespela hans. Å skrive ein roman basert på handlinga i eit Shakespearestykke er i mine auge eit totalt forkasteleg prosjekt, på same måte som det ville ha vore forkasteleg å skrive ein roman basert på eit Ibsendrama. det er rett og slett totalt unødvendig, og etter mitt syn dømt til å mislukkast.

Likevel las eg altså denne romanen, mest fordi eg vart nysgjerrig på prosjektet. Eg vart ikkje imponert, men eg hadde så mange fordommar at det skulle svært mykje til for å overtyde meg. Kunne ikkje Fiorato ha kome på ei handling sjølv, i staden for å skrive ein slags spin-off-roman? Ho skal, i følgje internett, vere spesialist på historiske romanar og renessansens Italia. Det burde då vere ei smal sak å dikte ei forviklingshistorie utan å vise så direkte til den store  meisterens drama.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar