onsdag 6. juli 2016

Hellevegen til Brekkeheida (377 moh)

Brekkeheida er ein liten utvekst av eit fjell, men det var eit ynda turmål i den tida eg gjekk på barneskulen. Då sykla vi til Brekke, gjekk opp om garden og fann Hellevegen der. Dagens turgåarar køyrer sjølvsagt bil heilt fram til der Hellevegen startar, og då vert det ein kortare tur. Likevel er den litt eksotisk, då ein får gå på heller nesten heilt opp til setra. Utsikta over Ørsta er òg flott, sjølv om det i dag var mange skyer.
Minnestein for Hans I Brekke, som bygde vegen


Dette selet stod på setra i 1860, men ingen veit kor gamalt det er

Ørsta






Minneplate

Starten av Hellevegen

1 kommentar:

  1. Det vekker gode minne! Og minner meg om då bror vår og eg gjekk der på skuletur, og så såg eg ein hoggorm nær han!

    SvarSlett