søndag 3. juli 2016

Bok 45 2016: "Tigre i rødt vær" av Liza Klaussmann

I denne romanen møter vi to kusiner, som har tilbragt sommarferiar saman på familielandstedet "Tiger House". Etter andre verdskrig reiser Helena til LA saman med ektemannen, som bruker tid og pengar på eit noko sært prosjekt knytt til ein gamal, avdød flamme. Nick møter att ektemannen Hughes, men han er ein del endra etter krigen. Femten år går, og kusinene møtest att, og borna deira finn eit lik. Spenninga er stor, og boka er vanskeleg å legge frå seg.

Komposisjonen er bygd opp om nokre sentrale årstal, og synsvinkelen vekslar mellom fleire av personane. Dette gjer boka ekstra kjekk å lese, sidan heile sanninga ikkje kjem fram før heilt til slutt.

På omslaget står det at boka kan minne om mellom anna "The Great Gatsby" og serien "Mad Men", og det er eg einig i.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar