onsdag 25. mars 2020

Andre koronaveke, dag 2

I dag hadde eg undervisning 8.15-15.00. Eg legg opp til sjølvstendig arbeid for elevane, så eg slepp heldigvis å undervise med kamera på. Det blir meir å svare på spørsmål, lese tekstar og forklare skriftleg på chat. I den første økta hadde vg1-elevane mine til dømes gruppearbeid om Australia. Dei leverte inn presentasjonar dei hadde laga i grupper, og så var planen at dei skulle framføre som grupper i klasserommet dersom det vart vanleg skule neste veke. No vert det heimeundervisning fram til påske, så då skal dei spele inn ein film av seg sjølve når dei held presentasjon individuelt. Power point-presentasjonane er veldig fine, så då er det berre å vente til dei legg ut nye versjonar med tale og bilete av seg sjølve i ei lita rute på skjermen. I den andre økta skulle Vg3-elevane lese ei bok, sjå ein film eller sjå ein serie frå perioden 1980-2020. Innan fredag ved lunsjtider skal dei ha svara på nokre spørsmål til det verket dei har valt. Det var nokre av dei som leverte allereie i dag, så då får dei fri fram til lunsj på fredag. Eg likar denne måten å jobbe på, men det har mykje med faga mine å gjere og at eg låg uvanleg godt an i pensumet i år. Vg3-klassen er ferdige med alt pensumstoffet, og eg hadde tenkt å bruke resten av skuleåret til repetisjon og øving på refleksjon. Vg1-pensumet er mindre klart definert, men også der følte eg at eg var nesten ferdig.

Vêret var ufyseleg i dag òg, men Minstemann og eg gjekk oss ein tur etter skuletid, medan Veslejenta skrella poteter. Då vi kom heim kokte eg potetstappe og steikte pølser, så det vart god middag i dag. Sidan vi åt vaflar, og dermed ingen grønsaker, i går, varma eg ein pose frosne grønsaker attåt. Eg har ein del slike posar, og det kjem vel med når ein ikkje handlar så ofte.

I kveldinga gjekk Veslejenta tur med hunden og ei venninne, så Charlie har gode dagar. Eg kan ikkje seie eg lid noka naud eg heller, men eg håper eg får betre tid til å gjere fleire praktiske ting framover. Eg har trass alt mykje grønsåpe ståande på vent.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar