onsdag 27. august 2008

Første frionsdag i haust


Ein kan spørje seg sjølv kor mykje fri ein har når ein skal førebu sju undervisningstimar til neste dag, men eg hadde i alle fall høve til å arbeide heime i dag. Innimellom vart det både rydding, klesvask og plenklipping (brått avslutta då framdrifta svikta) (plenklipparen si framdrift, ikkje mi) vart det tid til ein tur i skogsvegen med Minstemann og Bianca. Nummer 3 hadde òg fri, men ho var travelt oppteken med eitt eller anna prosjekt saman med naboguten. Første forsøk på ein tur i skogsvegen vart avslutta like før vi kom fram. Minstemann "kjørte" traktor og vart sliten i beina. På andre forsøk var det Gamla som måtte trå til, bokstaveleg tala. Då skulle guten sitje bak i sykkeltilhengar, nemleg. I skogen vandra han rundt og gjenopplevde scener frå tre Indiana Jones-filmar medan han instruerte hunden og mora til å ta diverse roller. I tilhengaren på veg heim song han tittelmelodien for full hals. Vel heime ville han sjølvsagt sjå ein av filmane att, og han spolar forbi alt anna enn dei dramatiske scenene - dei ser han omatt og omatt... Når han blir stor, skal han bli som Indiana Jones, seier han. Med pisk og pistol.

5 kommentarer:

  1. Og korleis vart utslaget på skritt-teljaren? Du får i alle fall nok mosjon.Minstemann er berre så GOD! Og så får han vere minst lenge!

    SvarSlett
  2. Skritt-teljaren tel ikkje når ein syklar, dessverre, så det er heilt meiningslaust! :)

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Pistolperioden er no ei kjekk tid! Her har dei gått med pisol i belte etter tur. Håkon hadde Woody i Toy Story som den store helten. Då måtte eg stryke rutete skjorter til han!

    SvarSlett
  5. Ja, eg hugsar Laser-Woodyskjorta til Håkon. Men eg hugsar lenger tilbake, til min eigen bror i pappa sin brudgomsvest og mamma sin gamle hatt. Han brukte å gøyme seg bak dører etc. og "handse" meg opp. Enda vi hadde streng beskjed om aldri å sikte på folk.

    SvarSlett