torsdag 21. august 2008

Første skuledagen min - ikkje rart at sola skin...


I år er eg kontaktlærar for VG1, og vi har fullt opp å gjere med "bli-kjend-aktivitetar" og overdosar med informasjon. Sidan veret er bra, var det i dag høve til å ta med førsteklassingane inn til Årneset for å drive med namneleikar der. På vegen gjekk vi forbi ein barneskule der ei førsteklasse stod på geledd utanfor klasserommet sitt, og så gjekk vi forbi høgskulen, der nye studentar vandra kvilelaust rundt og leita etter rett lokale. Det er noko visst sjarmerande med å begynne på eit nytt skuleår som lærar òg, og ein går til timane sine ekstra godt budd for å unngå eit negativt førsteinntrykk. Alle kopiar var komne i perm for å unngå fikling med lausark (elevane har ikkje lærebøker før tidlegast om ei veke), og lysarka var òg sette sirleg i perm. Berre så synd at internett og Classfronter stod i sju steinar så ein måtte improvisere likevel. Pæra på overheadprosjektøren var dessutan gåen, og "nokon" hadde fjerna frå klasserommet den prosjektøren som hadde ny pære. Same procedure as last year - and the year before?

3 kommentarer:

  1. Same procedure as every year, James!
    Kjenner igjen den følelsen.
    Enda verre er det når ein sjølv blir så skipla at ein ikkje finn att tinga der ein har lagt dei....
    Heiter det prosjektør? Eg har alltid kalla det prosjektor.Kven er det som er på bildet forresten? Ikkje nokon av elevane dine går eg ut frå?

    SvarSlett
  2. Nummer 2 er ein meister i illustrerande grimasar... Det heiter projector på engelsk, gjer det ikkje? trudde berre eg hadde fornorska litt

    SvarSlett
  3. Eg trudde at.....tør var eit menneske, jamfør billettør, frisør,massør osb.Men eg slo opp i framandordboka, og det er du som har rett. SOM VANLIG !

    SvarSlett