lørdag 16. august 2008

Klare for ny haustsesong





I dag skulle vi shoppe litt til skulestart, levere to slitne søskenbarn hos Besta og Besten m.m. Shopperunda vart lengre enn planlagt, men no har vi brede, pennal, fargeblyantar, notisbøker og klede nok til første veka på skulen, i alle fall... Det var dei to største som fekk vere i fokus i klesvegen i dag, og så fekk eg pengar med Besta som eg skulle kjøpe potteplante for. Eg kjøpte ein flott "flamingo" - inspirert av Besta sin.

5 kommentarer:

  1. Går ut frå at dette er siste skrik-førebels-sidan dei matchar kvarandre.Fine er dei i alle fall, både kleda og ungane.
    Eg har alltid hatt
    "forkjærlighet" for flamingoblomsten med dei lakkraude blada, Passar godt i desse OL-tider sidan dei har noko visst kinesisk over seg.

    SvarSlett
  2. Såg ikkje at dei matcha før eg sorterte bilete... Men Nummer 1 tek gjerne jobben som stylist for Nummer 2...

    SvarSlett
  3. Javisst hugsa eg Pitt...som fekk rutete bukse. Det er vel heller ikkje tilfeldig at brantmuren(brannmuren?) er valt til bakgrunn?

    SvarSlett